Symfoni

Vaknar i armar som femnar alt.
Du er verda eg treng.
Turkisblå morgon smyg seg inn.
Markblomar, gyllengul eng.

Straum av kjensler, dreg meg mot deg.
I bringa syng lukka ein song.
Kviskrande lauvtre nynnar med,
fivreld spinn silkekokong.

Eg vil spinne ei kappe kring oss,
vere i logen som brenn.
Funklande dråpar frå solkyssa sky,
glødande årer som renn.

Somnar i armar som femnar alt,
i natt vil eg drøyme eit liv.
Sirissar spelar symfoni
i suset frå bylgjande siv.

Foto: Maylinn Byrknes

Hildring

Den siste svevnen, du somnar stilt.
Ser du skyming og skugge som svinn.
Skimtar du varmen bak grånande fjell,
er du songen i dansande vind.

Høyr nattergalsong og lerker i leik,
sjå glitrande tåkedis.
Perlemorskyer opnar ei dør,
du vert vogga i byssande bris.

Ta månen i fanget og stryk han så linn,
stans sjøen som fløymer mot land.
Du er syster til sola og stjerna si sjel,
ein hildring i himmelkvelvsrand.

Avalon

Det bur ein mann i Avalon,
han kan stryke vekk sorg og sinne.
Trylle vekk dine lengsler.
Ta bort det du ber i minnet.

Eg gjekk vegen til Avalon,
eg bad, la meg få sleppe.
Ta redsle og otte frå meg.
Mi sorg er svøypt i eit teppe.

Mannen som bur i Avalon
strauk meg mjukt over kinnet.
Eg kan gjere alt du bed  meg om,
smi redslene veike og linne.

Eg eig krafta i Avalon,
men dette må du vite:
ikkje berre smerta forsvinn,
alt som er stort vert lite.

Dei du har elska og elskar no,
minnet om dei du held kjær.
Fyrste gongen du såg ditt barn,
natta din eine var nær.

For mørke og lys er knytt saman
i livet, som syster og bror.
Om du mister den eine, så mister du to.
Eit aude kor ingenting gror.

Eg tok vegen frå Avalon,
eit glimande skin i det svarte.
Svøypt i ei kappe av måneskin,
ber eg sorga tett til mitt hjarte.

Stillaste natt

Den stillaste natt av djup kongeblå.
Frå stjernene regna krystall.
Eit draumekvad tredd med silketråd
for han som vart fødd i ein stall.

Ein fallande måne, ei stjerne som sprang.
Eit fløyelsmjukt pust over eng.
Bauner brann over fjell og vang,
lysveg til barnet si seng

Ei von vart fødd, ein tone så linn
frå himmelen klokker som klang.
Femna vår jord, strauk mildt mot eit kinn.
Ei mor nynna voggesang.

Ein song, ein draum, som alle ber med
når dagen mot kvelden lid.
Kjærleik, miskunn, von om fred.
Natta er bøna si tid.

Kva ynskjer du menneske,
kva er din trong?
Nokon som held meg fast.
Få kvile, liten, i eit fang.
Sjå lyset er mørket som brast.

Fred

Sjø som skin; magentakobber,
aftangull og purpurblå.
Som eg vyrder desse dagar,
livet bylgjer i meg då.

Bratte bakken når han blømer,
graset vender kvart eit strå.
Blenk av morgondoggens kjærteikn,
Altet fattast i det små.

Gylne kveldar, ljose, milde
du var varmen i mi krå.
Smak av kvitsymra som blømer,
ang av skyer, perlegrå.

Når den dagen kjem i stilla,
havet kallar meg til hamn.
Legg eg viljug vekk mi gjerning,
fylgjer tonen til din famn.

Siste trongen i mitt hjarte
før det mørknar og vert kveld;
å få sjå den kvite dua,
bakom syning lyser fjell.

Flukt

Eg er bruset i elvestryket,
sym med bårer som ber meg inn.
Uendeleg finst eg i det blåe,
eg er sandkornet som skin.

Eg jaktar skyer ilag med vinden
Er med månen på veg mot ny.
Stjernestøv som glimar sjøen.
Eg er fargen i morgongry.

Fugl i flukt mot fjerne vang.
Ørna som stig mot himmellang.

Eg er stilla som stend til kvile.
Fyk i stormen som bles frå nord.
Glir i eitt med regn og skodde.
Eg er sola som vermer jord.

Eg er reinkalv i sprang på sletter
Liten dråpe på klokkelyng.
Eg er vårmilde ljose netter.
Er i fjellebekken som syng.

Fugl i flukt mot fjerne vang.
Ørna som stig mot himmellang.

Eg er fjøra som ligg i graset
føtene dine trør mjukt på sti.
Den du bøyer deg ned og plukkar,
ber med deg i handa di.

Fugl i flukt mot fjerne vang.
Ørna som stig mot himmellang.

Terneveng

<

Eg går einsam rundt og leitar,
freistar finne mot og kraft.
Som ein druknande i havet.
Som ein villfarar i kavet.
Freistar finne meg eit draft.

Drøymer om ei enkel rute,
sorgenfri i vind og regn.
Navigere etter stjerner,
stille dans i lag med terner.
Finne trøyst i gamle segn.

I Kina trudde dei at lukka,
ho vart funnen med kompass.
At det peikte mot eit lede,
at det styrte mot ei glede.
Eg vil finne slik ein plass.

Og så vil eg merke leia,
så at du kan finne meg.
Eg skal sette fyr på vardar,
byggje bruer, byggje gardar.
Lage deg ein farbar veg.

Eg skal vente bakom høgda,
knele mjukt på nyslått eng.
Be ei bøn med folda hender.
Kvile blikk på kvite strender.
Attmed meg ein terneveng.

Alle vann er frosset

Alle vann er frosset,
det skjedde nå i natt.
Jeg våknet da det suste,
jeg våknet da de knuste.
Alle vann er frosset,
hvem har Gud nå tatt.

Alle vann er frosset,
det siver inn en dis.
Jeg finner ikke glede,
jeg finner bare lede.
Alle vann er frosset,
hvem ligger kald som is.

Alle vann er frosset,
så dirrer moder jord.
Jeg spør om hun kan sverge,
jeg spør om hun kan berge.
Alle vann er frosset,
det er min stakkars bror.

Det vi ikkje sa

Det eg aldri sa,
og det du aldri visste.
Løyndom snur kjærleik til nag.
Eg eig ei fastfrosen kiste.

Det eg aldri tok,
og det du aldri skjenkte.
Hunger er fridom sin bror.
Eg ber ei sjelesmidd lenke.

Det eg aldri vann,
og det du aldri verga.
Eg gjekk til grunne i hav,
er seglet som ingen får berga.

Det du aldri såg,
og det eg aldri fortalte.
Sorga fekk ikkje plass,
i meg slår eit bergmuslinghjarte.

Det vi aldri var,
og det vi aldri makta.
Du gjekk der nordlyset syng.
Eg går den mørkaste vakta.