Svarttrost

DSC_0049-001

Her vaknar du verjelaus, naken,
mor si stemme gjev trøyst.
Her sovnar du mett etter dagen,
finn fred i den same røyst.

Her skremmer skugge og mørke,
vintrar med kulde og natt.
Her dansar alveeldflammar,
med vårsola vona kjem att.

Her vil du be om å sleppe,
skjelvande, ramnsvart i tru.
Her vil du be om nåde,
ein time til, kjære Gud.

Her vil eit fivreld lande,
varleg og sløkkje din trong.
Her vil ein svarttrost syngje
natta sin siste song.

*takk AH ❤ *

 

Lytt i Spotify

Noen dager lyser av seg selv

livet skal komme
rasende mot deg
store blokker av
tung svart stein
skal trykke deg ned
i grunnen av
ditt indre

du skal ligge der
og kjenne
at pusten bare finnes
som små vingeslag
fra en nattsvermer

livet skal merke deg
med krumme skarpe klør
og glupske tenner
som lager render og arr
i sinnet ditt

du skal kastes viljeløst rundt
hamrende
mot lydtette vegger
sjelen skal blafre og
revne
som seil i stormkast

du skal elske
med hele deg
og kjenne
at varme bølger kjærtegner
deg med penselstrøk
mens du
svimmel
av det du ikke forstår
overveldes​ av at
noen dager lyser av seg selv

2015-07-31 19.03.43 (1)

———————-

Purpur

noen dager

Havet er av sylv,
bylgjene så små.
Måsane flyg oppned,
speglast i det blå.

Himmelen har skyer,
lilla, rosa, grå.
Ei eventyrforteljing,
eit siglande tablå.

Sola lyser sakte,
slepper strålar ned.
Ho lagar gull av sylvet,
kviskrar; kom ver med.

Purpur fargar berget,
lyng på harde stein.
Eg ser, det sig ei visse;
eg er alt og ein.

Steinhjarta

11216836_10205081428329463_1054980746805619021_n

Jotnen i Dovrefjella
var einsam i hundre år.

Han levde åleina i hòla,

grueleg, skabbete sår.

Ein kveld møtte han huldra,
fager som morgongry.
Han mista seg sjølv den dagen,
men kjende seg fødd på ny.

Ho såg forbi all hans armod,
lokka fram kjerna hans.
Så var det dei to for alltid,
besegla i Dovredans.

Huldra døydde i fossen,
kallen spela ho inn.
Jotnen stivna i sola,
forvandla til steinstøtting.

Når du traskar i fjellet,
sett deg, ta ein rast.
Sjå restane etter jotnen,
eit steinhjarte som brast.

Takk for bruk av bilde til Lilliann Høyvang Andreassen