Her vaknar du verjelaus, naken,
mor si stemme gjev trøyst.
Her sovnar du mett etter dagen,
finn fred i den same røyst.
Her skremmer skugge og mørke,
vintrar med kulde og natt.
Her dansar alveeldflammar,
med vårsola vona kjem att.
Her vil du be om å sleppe,
skjelvande, ramnsvart i tru.
Her vil du be om nåde,
ein time til, kjære Gud.
Her vil eit fivreld lande,
varleg og sløkkje din trong.
Her vil ein svarttrost syngje
natta sin siste song.
*takk AH ❤ *
Dette fekk jammen meg fram eit par tårer, du..! Sjølv om eg har lese det før.
LikarLikar
Oi! takk for at du forteller det ❤
LikarLikar