Barndomsminne

sommer

Gras mot berre føter,
krabba gjennom hes.
Cowboyleik på bøen,
junivinden bles.

Klatra opp på mønet,
vågesprang i høy.
Tunet mellom husa
var vår eiga øy.

Løynde kyss bak løa,
ang av sol og eng.
Kappsprong over lia,
låg i kløverseng.

Lukta inni fjøset,
strauk på kalvekropp.
Mjølka rett or juret,
nysilt lun i kopp.

Fregnedrys på nasen,
varm og raud i kinn.
Gøymespel med mormor,
lett i hug og sinn.

St.Hansbål på haugen,
latter, leik og song.
Barndomen som natta,
ljos og evig lang.

 

 

foto: arne-helge byrknes

 

Albion

12087856_10206641006816431_7610728427787541104_o

 

Lomen sitt rop er einsemda mi,
svart er redsla si rove.
Trengjer seg inn i kvar ein krok,
gret i mi mørkestove.

Fullmånen sloknar på himmelkvelv,
tidevatnet frys.
Stjernene døyr, og vona med.
Stjerneoska drys.

Nynn meg songen frå Albion;
kvite netter og ljos.
Kveik eit fyr med drageeld,
vis meg lei og los.

Styr mi skute til Albion,
segl over havet ikveld.
Anda meg vaken når sola renn,
skuggane lange fell.

 

 

 

foto: Arne-Helge Byrknes