Vintersonate

Tett inntil deg, septemberkveld.

Ljoset, glødande svann.

Havet omfamna soleglad

mot himmelkvelven si rand.

 

Saman i mørket, oktobernatt.

såg Mjølkevegen sitt far.

Månen dykka i blånen ned,

stjerneskot fall, eit til kvar.

 

I armane dine, novemberdag.

Kvitrosa låg over enger.

Krystallar dekka blad og blom,

på bakken fanns englevenger.

 

Ta handa mi, desembergry.

Skyer slepp snøfnugga fri.

Fredfullt flyg dei ned til jord,

smeltar mot bringa mi.

 

Hald meg vart, skymingstid.

Stryk over panna mi, mildt.

Syng voggeviser, gjev meg di røyst,

hjå deg eg søv so stilt.

 

Spel songen på Spotify

2014-12-27 13.57.22

3 thoughts on “Vintersonate

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s