Fri

Du flyg med bylgjer i håret,
jubelsong stig i deg.
På veg mot heimen der oppe,
kor svarte stjerner dreg.

Du kjempa mot demonar,
dansa med monster og skrømt.
Dei kom med netter så kalde,
kviskra forlokkande ømt.

Du krabba i tronge gonger,
med hendene knuste du stein.
Fiendene så mange,
og du var berre ein.

Du var ein prins frå framand land,
som kom på vitjing ei tid.
På slutten berre eit ynskje;
som sumarfugl; å vere fri.

Blå vind

24412649050_af821e2e1b_o

Dagen kjem med blå vind,

varslar at frosten er her.

Tonen i meg er mollstemt,

vil ikkje ha deg så nær.

 

Bli hos meg då, bli hos meg då.

 

Skyene siglar gråe,

regnet fell nådelaust hardt.

Skodda legg seg kring bringa.

Inni meg er det svart.

 

Bli hos meg då, bli hos meg då.

 

Skuggane kryp tett ikring meg,

frosten bit seg fast.

Eg siglar åleine i skyming,

einsemd og lengt er mi last.

 

Bli hos meg då, bli hos meg då.

 

Bylgjene bryt brått der ute,

stormen rasar mot land.

Straumen dreg meg mot botn,

ver så min bergingsmann.

 

Bli hos meg då, bli hos meg då.

 

Stormen stilnar sakte,

eg finn skydd og ro.

Tar deg fast i handa;

eg blir her hos deg no.

 

Spel songen på Spotify

foto: Arne-Helge Byrknes

Barn

IMG_20160423_202211

Hugsar du barn, du sov i mitt liv.
Verda under mitt hjarte.
Du draumesymde, eg kviskra lint.
Med mjuke rørsler du svarte.

Hugsar du barn, frå mørke til ljos.
Verda ny som di sjel.
Du opna augo, eva eg såg.
Gråten din gjorde meg sæl.

Hugsar du barn, du låg ved mitt bryst.
Verda berre oss to.
Du drakk av livet, kjelda i meg.
Kjærleiksbylgjene slo.

Eg hugsar barn, den vissa eg fekk.
I verda, eg låner deg litt.
Slepp deg or reiret, fugleunge flyg.
Stig høgt, og så; fall fritt.

Slepp deg or reiret, fugleunge flyg.
Barn, du eig hjartet mitt.

 

Spel songen på Spotify