Hugsar du barn, du sov i mitt liv.
Verda under mitt hjarte.
Du draumesymde, eg kviskra lint.
Med mjuke rørsler du svarte.
Hugsar du barn, frå mørke til ljos.
Verda ny som di sjel.
Du opna augo, eva eg såg.
Gråten din gjorde meg sæl.
Hugsar du barn, du låg ved mitt bryst.
Verda berre oss to.
Du drakk av livet, kjelda i meg.
Kjærleiksbylgjene slo.
Eg hugsar barn, den vissa eg fekk.
I verda, eg låner deg litt.
Slepp deg or reiret, fugleunge flyg.
Stig høgt, og så; fall fritt.
Slepp deg or reiret, fugleunge flyg.
Barn, du eig hjartet mitt.
Dette er det vakraste eg nokonsinne har lese.
LikarLikt av 1 person
Takk!wow!
LikarLikar
Kjempefint! 💗
LikarLikt av 1 person
So utrulig nydelig, Trude!♥ Gratulera so mykje med overstått konfirmasjonsdag til ein kjekk, ung mann!
LikarLikar
Tusen takk Silje ❤
LikarLikar
Tårane trille i dag og.. Du får satt ord på det du Trude. Takk!
LikarLikar
Så fint å høre, takk ❤
LikarLikar
Det var magisk,først når du las,og så Arne-Helge med si røyst og den vakre tonen…
LikarLikar
Takk ❤
LikarLikar