Dagen kjem med blå vind,
varslar at frosten er her.
Tonen i meg er mollstemt,
vil ikkje ha deg så nær.
Bli hos meg då, bli hos meg då.
Skyene siglar gråe,
regnet fell nådelaust hardt.
Skodda legg seg kring bringa.
Inni meg er det svart.
Bli hos meg då, bli hos meg då.
Skuggane kryp tett ikring meg,
frosten bit seg fast.
Eg siglar åleine i skyming,
einsemd og lengt er mi last.
Bli hos meg då, bli hos meg då.
Bylgjene bryt brått der ute,
stormen rasar mot land.
Straumen dreg meg mot botn,
ver så min bergingsmann.
Bli hos meg då, bli hos meg då.
Stormen stilnar sakte,
eg finn skydd og ro.
Tar deg fast i handa;
eg blir her hos deg no.
foto: Arne-Helge Byrknes
💙
LikarLikar