Kjærteikn

DSC_0092

Skyer bevegar himmelen,
du skapar rørsle i sinn.
Stjernene kysser natta,
lepper drys kyss på kinn.

Bylgjene dansar med havet,
fingrar leikar på arm.
Brenningar kjærteiknar skjæret,
hender stryk mjukt over barm.

Flamma omfamnar veiken,
armar femnar om kropp.
Elden bit heitt og piskar,
logen slyngjer seg opp.

Krusning i stille vatn,
dønningar dovne i meg.
Himmelen er roleg no,
eg er stilna av deg.

Syng meg

Syng meg dei stille songane,
kviskr meg dei tause orda.
Eg hugsar ikkje lenger kven eg er,
men veit eg tilhøyrer jorda.

La songen ta meg attende,
og syne meg dulde minne.
Eg treng å sjå meg sjølv igjen,
for dagane mine svinne.

Høyr på latter, sjå på dans,
lukkeleg var eg i barndom.
Vis meg kjærleiken frå mor,
det brest i meg,vis meg, ver varsam.

Syng meg sorga for han eg mista,
eg gløymer; eg saknar han så.
Han var min kjære, min einaste.
Det er til han eg vil gå.

Syng meg dei stille songane,
kviskr meg dei tause orda.
Demring, no minnest eg kven eg er.
Eg vender attende til jorda