Hald meg

DSC_0001

Når livet vert stort,
blir eg liten hjå deg.
Stryk meg varleg
og hald meg.

Ikkje sei noko då,
berre kviskr mjuke ord.
Stryk meg varleg
og hald meg

Mørke skyer truar mitt sinn,
bører tyngjer mitt hjarte.
Stundom er alt eg ser
farga av tankane svarte.

Når det kjennes for tungt,
gjev meg letne i hug.
Stryk meg varleg
og hald meg.

Når eg trøytnar av strid,
lat meg kvila hjå deg.
Stryk meg varleg
og hald meg.