Kaprifol

Nattsvermaren som flaksar
hjelpelaust kring ljoset
og vengene som tek fyr og brenn
før oska fell.

Dådyret då kula gjennomborar
hjartet og det blenkjer i augo
og skogen speglar seg
for siste gong.

Mora som slepper taket
då den mørke bylgja dreg
livet ut or armane hennar
og det siste ho ser
før det brest
er dei små mjuke hendene.

Ei endelaus slette med
svarte kaprifolar
og angen av dei smyg seg inn
og fastnar alle redsler
slik at dei ikkje forsvinn
så lenge det finst
kaprifolar i verda.

Sigle mi skute

Skuta siglar på havet blått,
søkk for kvar ei båre.
So liten ein vert, livet smått,
sjela berre ei tåre.

Sigle mi skute, sigl.

Skuta vert styrt av skrømtet kvitt,
pila peiker på vest.
Ei farleg ferd, eit dunkelt ritt.
Stig sakte ut or din lest.

Sigle mi skute,sigl.

Skuta skipar ei einskild møy,
sorgtung ho tykkjer vera.
Ho kviskrar kaldt, er det slik å døy
so er det mi bør å bera.

Sigle mi skute, sigl.

Skuta stemnar mot stad av gull,
skrømtet sig over bord.
Møya messar ein mørk bånsull,
fylgjer so skrømtet sitt spor.

Sigle mi skute, sigl.

Ein dag

DSC_0097

Ein dag skal eg kome til deg,
frå djupet, frå berghòla.
Finne fram langs varda veg.
Månen kviskrar til sola.

Ein dag skal eg tru det du sa,
langsamt byrje å tø.
Mjukne av varmen du gav.
Stjernene fell som snø.

Ein dag skal eg vere heilt fri,
hudlaus, sleppe deg inn.
Våge å vere vi.
Måsen gyngar på vind.