Ljod

Ljod av mørkre, kald og klår.
Tek frå meg alt eg har.
Klang av blod og tusen sår
og knuste sjelefàr.

Eit skrik som fastna i mitt bryst,
vart til ei bortgløymd borg.
Det er som dauden har meg kysst
og synt meg all si sorg.

I draumen, vona smyg seg inn.
Opnar det som stenger.
Ljod av ljos, streif av vind,
sus frå sumarfuglvenger.