Vassdropen
spegla
deg.
Du var
lukkeleg.
Han heldt deg
nokre
sekund.
Så sleppte han deg.
Eg vil vera
den dropen.
Vassdropen
spegla
deg.
Du var
lukkeleg.
Han heldt deg
nokre
sekund.
Så sleppte han deg.
Eg vil vera
den dropen.
Framleis er det vakkert.
Sola som skin.
Forvandlar morgondogg
til små blenkjande diamantar.
Eg skal sjå det for deg
når du ikkje kan.
Framleis er det mot.
Menneske fyller gatene.
Ein spinkel unggut
framfor stridsvogna.
Eg skal sjå det for deg
når du ikkje kan.
Framleis er det von.
Barnet som ler.
Tek søster si i handa
dansar over grensene.
Eg skal sjå det for deg
når du ikkje kan.
Framleis er det kjærleik.
Ei rose for kvart kyss.
Verda druknar
i rosehav.
Eg skal sjå det for deg
når du ikkje kan.
Du må sjå det for meg
når eg ikkje kan.
illustrasjon: Hannah Håvardstun Jensen
Eg vil
vera
vettlaus
i
malstraum.
Eg vil
bresta
i
beksvart
myr.
Eg vil
flyga
vektlaus
i
fønvind.
Og som
føniksen
vil eg
ta
fyr.