Framleis er det vakkert.
Sola som skin.
Forvandlar morgondogg
til små blenkjande diamantar.
Eg skal sjå det for deg
når du ikkje kan.
Framleis er det mot.
Menneske fyller gatene.
Ein spinkel unggut
framfor stridsvogna.
Eg skal sjå det for deg
når du ikkje kan.
Framleis er det von.
Barnet som ler.
Tek søster si i handa
dansar over grensene.
Eg skal sjå det for deg
når du ikkje kan.
Framleis er det kjærleik.
Ei rose for kvart kyss.
Verda druknar
i rosehav.
Eg skal sjå det for deg
når du ikkje kan.
Du må sjå det for meg
når eg ikkje kan.
illustrasjon: Hannah Håvardstun Jensen
Endå eit vakkert dikt! Her var det eg som likte avslutninga ekstra godt, den overrasker litt, og bryt med rytma i resten av diktet.
LikarLikt av 1 person
Tusen takk for tilbakemelding, det er veldig kjekt.
LikarLikar
Du kan gje ut diktsamling snart! Helde lenge på med dette? Du er modig!
LikarLikt av 1 person
takk for det. Jeg begynte sånn skikkelig for halvannet år siden, har hatt alle ordene inni meg, og så traff jeg kjæresten min og da skjedde det noe fint med de ordene også.
LikarLikar
Så fint! Du er ei stemme for dei stemmelause.
LikarLikt av 1 person
Takk ❤
LikarLikar
Så vakkert. Så sterkt. Så nydelig. Så bra. Så viktig.
Takk Trude.
LikarLikt av 1 person
Tusen takk!
LikarLikar