Å vete

Kvifor elskar du meg,
spurde han

Kan du sjå vinden
som stryk gjennom håret ditt,
eller hugse
dei fyrste andedraga?

Kan du telje regndropane
som fell kring føtene dine,
eller skilje
ei tåre frå ei anna?

Kan du fanga solstrålane
som varmar kinnet ditt,
eller famna feberen
som strøymer frå min kropp til din?

Kvifor eg elskar deg?

Eg minnest deg før eg minnest meg sjølv.

 

 

 

 

 

 

 

til Arne-Helge

Sanninga

Eg er svartaste natta,
eg formørkar ditt sinn.
Eg er djupaste brønnhol
og eg dreg deg heilt inn.

Eg vil fanga og fengsla,
eg vil binde deg fast.
Eg vil halda deg nede,
eg vil vera til last.

Legg i veg kjære, spring.
Du må vekk herifrå.
Eg er ingen å miste,
eg er ingen å ha.

Eg er skriket som fastnar
som eit ekko i sjel.
Eg er mardraumar vonde
og eg livsgleda stel.

Eg vil grava i tankar,
eg vil så mine tvil.
Eg vil ramma med orda,
eg vil råka som pil.

Legg i veg kjære, spring.
Du må vekk herifrå.
Eg er ingen å miste,
eg er ingen å ha.

Eg er trollet i fjellet,
og eg veit eg må bli.
For eg tåler ei ljoset
og eg vert aldri fri.


Legg i veg kjære, spring.
Du må vekk herifrå.
Er eg nokon å miste?
Er eg nokon å ha?