Tenåringen med beige Uggs
og rosa tyggegummibobler.
Freistar gni vekk
dei tallause arra
på den kvite
underarmen.
Auge som ein
skremd hareunge.
Ho skal heim til
mardraumen sin.
Førtiåringen med grå dress
og eim av whisky og tobakk.
Freistar gni vekk
dei raude merka
på den kvite
skjortekragen.
Auge som eit
rovdyr.
Han skal heim til
illusjonen sin.
Åttiåringen med blomstret skaut
og lukt av brun alderdom.
Freistar gni vekk
dei uendelege linene
i det kvite andletet.
Auge som ei
døyande perleugle.
Ho skal heim til
einsemda si.
Eg med blå dongerbukse
og den grøne diktboka.
Freistar gni vekk
dei grå dagane
frå dei kvite arka.
Auge som på ein
framand art.
Eg skal ikkje heim.