Fløyelsmjukt legg eg eit klede
over levningane dine.
Finn to smaragdar
og puttar dei
i augneholane.
Legg glødande kol
der hendene dine
skulle vore,
legg kinnet mitt inntil,
så du kan varme meg.
Stel eit ishjarte frå breen,
kvesser det med øksa,
knekk opp ribbeina dine
legg hjartet på plass.
Kler av meg,
slår armane kring deg.
To ishjarta mot kvarandre.
Kysser augene dine god natt.