Kongen steig ned frå trona;
ynskjer meg berre det ljose.
Mørkre er bannlyst frå riket.
Eg baud han ei kvit rose.
Kongen befala bryskt;
tårer forbode, mi vilje.
Folket mitt skal danse.
Eg baud han ei kvit lilje.
Kongen vandra i byen;
om landet mitt skal eg verne.
Vil ikkje ha noko natt her.
Eg baud han ei kvit stjerne.
Kongen gjekk ut i verda;
eg vil styre og kue.
Skal tvinge vekk hat og sorg.
Eg baud han ei kvit due.
-Er berre så vakkert, Trude! Du er så flink! 🙂
LikarLikar
Tusen takk ❤
LikarLikt av 1 person
-Likte nytt tema/layout/bilete på sida di!
LikarLikt av 1 person
Takk du, kjekt med litt forandring.
LikarLikar