Det lid mot kveld, ei anna verd,
natta tek kvitkappa på.
Heilage jola kjennest nær.
Timen er stille og blå.
Snøfall, liknar stjernedryss,
glitrande sveip over eng.
Vonleg er det himmelkyss,
frå han som fekk krubbe til seng.
Lydlaus song frå himmelkor,
ein bodskap om å gje.
Kvitkledd teppe over jord,
bøn om von og fred.
Menneskebarn, strekk ut di hand,
fang snøkrystallar små.
Blås dei ut til alle land,
fest kjærleikstankar på.
foto: Arne-Helge Byrknes