Korleis

Korleis fangar du tanken,
set kjenslene i eit bur.
Korleis slepp du fri vinden,
blesten som aldri snur.

Korleis held du fast otten,
legg redslene i eit skrin.
Korleis gjev du opp skyer,
skuggen langs vegen din.

Korleis nærer du sorga,
ber tårene i eit kar.
Korleis misser du natta,
skyming over ditt far.

Korleis gøymer du kjærleik,
held draumane fanga bak grind.
Korleis sløkkjer du stjerner,
logen som sakte svinn.

Korleis vågar du livet,
brenn elden ut i ei krå.
Korleis femnar du døden,
lysning attom det blå.