La månen lokke deg inn

Eg kan sjå deg trøytne av strevet,
at du går gjennom dagen med blytunge steg.
Eg kan kjenne handa di beve,
lik ospa når haustlauva dreg.

Eg kan sjå deg grave i steingrunn,
at sorgene dine er høge som fjell.
Eg kan kjenne bøna om miskunn,
som hos døyande tre før det fell.

refr.
Berre ligg heilt inntil meg no,
eg skal halde deg fast og gje deg min ro.
Og la månen lokke deg inn.
Og la månen lokke deg inn.

Eg kan sjå deg gråte ved fossen,
at du står framfor stupet og kjenner du vil.
Eg kan sjå deg breste ved krossen,
lik selja når knoppar vert til.

refr.
Berre ligg heilt inntil meg no,
eg skal halde deg fast og gje deg min ro.
Og la månen lokke deg inn.
Og la månen lokke deg inn.

Eg kan sjå deg kjempe mot mørke,
at ein ljosberar framleis har plass i ditt sinn.
Eg kan kjenne tårene tørke,
slik regndropen bleiknar i vind.

Eg kan sjå deg våge og vinne,
at du trør utpå isen og kjenner han ber.
Eg kan kjenne kulda di svinne,
som hos bekken når frostnatta fer.

refr.
Berre ligg heilt inntil meg no,
eg skal halde deg fast og gje deg min ro.
Og la månen lokke deg inn.
Og la månen lokke deg inn.

 

Spel songen på Spotify

6 thoughts on “La månen lokke deg inn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s