Sånne tankar

I det inste rom i mitt hjarte
fins du som eg ikkje kan gløyme
dagar som gøymer deg vekk,
eg finn deg kvar natt i draume.

I det inste rom i mitt hjarte
fins kjensler eg ikkje kan klare,
den dagen eg tok deg i famn,
truskap og uskuld laut fare.

I det inste rom i mitt hjarte
fins orda som ikkje finn kvile
Den dagen du sa du var min
Forlat at eg fekk deg å tvile.

For eg har sånne tankar om deg,
sjølv om åra er farne forbi.
Ei lengt som skakar grunnen i meg,
eg har sånne tankar om deg.

I det inste rom i mitt hjarte
fins tårer som aldri fekk renne
den dagen eg strauk deg på kinn
og vende tilbake til henne

I det inste rom i mitt hjarte
fins tankar eg ikkje kan bere
om natta som kunne blitt vår
Eg saknar den natta, mi kjære.

For eg har sånne tankar om deg,
sjølv om åra er farne forbi.
Ei lengt som skakar grunnen i meg,
eg har sånne tankar om deg.

 

Lytt i Spotify