Soga om oss

Den fyrste gongen, hand i hand
Det fyrste kysset på ei strand.
Trea stod raudnande, eg stod i brann.
Gløda mot himmelkvelvsrand

Den fyrste gongen, i din famn.
Dei fyrste orda fann si hamn.
Bånsull frå bårer, nattmørke svann.
Lengtande kjærleik fekk namn.

Den fyrste gong, eg kunne fly.
Sanselaus mot morgongry.
Roser på vindauge, ljosglimt frå sky.
Heime hjå deg fann eg ly.

Den fyrste gongen, då du sa;
du er den eine eg vil ha.
Frå djupet i bringa, ein løynd melodi.
Kjelda sprang, eg gav mitt ja.

———————————————-

Den siste gongen, inntil deg.
Skymingsljos kallar på meg.
Tårer frå stjerner, ein glimande veg.
Du held meg fast når eg dreg.

2 thoughts on “Soga om oss

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s