Paradisfuglen

Kva skal eg gjere med natta,
når ho er lengre enn Kina sin mur.
Kjerna i meg slo sprekker,
dagen då du stod brur.

Kva skal eg gjere med dagen,
vintersol som ikkje lenger vil snu.
Augene dine blenkte.
Du lova å vere han tru.

Saknar du meg når eg er faren,
når dagen er lukka og lyset brent ned?
Tenkjer du på meg når haustvinden stilnar, ynskjer du hadde blitt med?

Kva skal eg gjere med røynda,
Varmen frå morelden fins ikkje no.
Huda mi vart så mjuk
når du strauk på ho.

Kva skal eg gjere med draumen,
Paradisfuglen som syng i det blå.
Bed meg å kome attende,
eller byd meg atter å gå.

Saknar du meg når eg er faren,
når dagen er lukka og lyset brent ned?
Tenkjer du på meg når haustvinden stilnar, ynskjer du hadde blitt med?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s