Kom heim

Det fins ein stad der eg høyrer til,
ein blåne stig i mot aust.
Eg kjenner varmen frå den eg var.
Lengt gjev farge til haust.

Eg ynskte meg dagar med regnbogeglans,
eg freista å finne fred.
Men eg sleppte taket då båra brast,
ber krune av klungertre.

Kom heim, kom heim.
Eit pust som stryk over fjord og fjell.
Kom heim, kom heim.
Natt breier vengjer, men ljoset held.

Eg drøymde om livd langs leia eg gjekk.
Somrar som aldri kom.
Nokon som held si hand over meg.
Frostjord byd vinterkorsblom.

Eg ser åra som strøymde forbi.
Ein blindfarar i eige liv.
Kvar eg missa, kvar eg slo brist.
Er berre dropen som driv.

Men eg har elska så himmel vart hav.
Ei verd av kjærlege teikn.
Sørgjeband knytte i brureslør.
Eg finn deg i stille regn.

Kom heim, kom heim.
Eit pust som stryk over fjord og fjell.
Kom heim, kom heim.
Natt breier vengjer, men ljoset held.

 

Spel songen på Spotify