Skogen

Eg gjekk inn i den mørke skogen,
eg var naken, eg var gløymd.
Budde i ei verd av kulde.
Ynskte meg ei anna røynd.

Eg vandra den mørke skogen,
der trea stod heilt tett.
Ingen lysstreif, ingen voner.
Ikkje gale, ikkje rett.

Eg ropte ut i verda,
der kor ingen høyrer til.
Ba til alle gudsdemonar,
eg som alltid hadde tvil.

Eg skaka i mi armod;
klarte ikkje berge deg.
Grana bøygde seg mot grunnen,
la ein veldig arm om meg.

Eg slo hendene i stammen,
heilt til såra opna seg.
Sevja blanda seg med blodet,
opna stengde rom i meg.

Og eg høyrde skogen gråte,
kjende streif av varsam vind.
I ei glime mellom trea,
atterskin av skuggen din.

Eg var i den mørke skogen,
kjende meg som del av den.
Men eg reiste meg og snudde,
tok den lange vegen heim.