Eg går einsam rundt og leitar,
freistar finne mot og kraft.
Som ein druknande i havet.
Som ein villfarar i kavet.
Freistar finne meg eit draft.
Drøymer om ei enkel rute,
sorgenfri i vind og regn.
Navigere etter stjerner,
stille dans i lag med terner.
Finne trøyst i gamle segn.
I Kina trudde dei at lukka,
ho vart funnen med kompass.
At det peikte mot eit lede,
at det styrte mot ei glede.
Eg vil finne slik ein plass.
Og så vil eg merke leia,
så at du kan finne meg.
Eg skal sette fyr på vardar,
byggje bruer, byggje gardar.
Lage deg ein farbar veg.
Eg skal vente bakom høgda,
knele mjukt på nyslått eng.
Be ei bøn med folda hender.
Kvile blikk på kvite strender.
Attmed meg ein terneveng.