Avalon

Det bur ein mann i Avalon,
han kan stryke vekk sorg og sinne.
Trylle vekk dine lengsler.
Ta bort det du ber i minnet.

Eg gjekk vegen til Avalon,
eg bad, la meg få sleppe.
Ta redsle og otte frå meg.
Mi sorg er svøypt i eit teppe.

Mannen som bur i Avalon
strauk meg mjukt over kinnet.
Eg kan gjere alt du bed  meg om,
smi redslene veike og linne.

Eg eig krafta i Avalon,
men dette må du vite:
ikkje berre smerta forsvinn,
alt som er stort vert lite.

Dei du har elska og elskar no,
minnet om dei du held kjær.
Fyrste gongen du såg ditt barn,
natta din eine var nær.

For mørke og lys er knytt saman
i livet, som syster og bror.
Om du mister den eine, så mister du to.
Eit aude kor ingenting gror.

Eg tok vegen frå Avalon,
eit glimande skin i det svarte.
Svøypt i ei kappe av måneskin,
ber eg sorga tett til mitt hjarte.

2 thoughts on “Avalon

  1. ❤️❤️❤️
    ________________________________
    Fra: Trude
    Sendt: tirsdag 17. mars 2020 19:49
    Til: vighaava@hotmail.com
    Emne: [Nytt innlegg] Avalon

    trudehavardstun posted: » Det bur ein mann i Avalon,han kan stryke vekk sorg og sinne.Trylle vekk dine lengsler.Ta bort det du ber i minnet. Eg gjekk vegen til Avalon,eg bad, la meg få sleppe.Ta redsle og otte frå meg.Mi sorg er svøypt i eit teppe. Mannen som bur i Avalonst»

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s