Vintersorg

Eg sigla ut for å fiske stjerner,
natta låg djup i havet.
Stjernene slokna på himmelkvelv,
vart steinar som sokk i kavet.

Spirer av lys frå ein fallande vinter.
Menneskesjela bleiknar.
Blå er fargen på vintersorg,
von om vårløyse veiknar.

Engletårer ligg kvite på eng,
kveler spirer eg plantar.
Bodberar flyg med broten veng,
bringar ei trøysta eg vantar.

Morgonstjerna sitt kalde skin,
frostskadd er trua mi no.
Lengta legg lydlause blanke spor,
elvar som isnar av sno.

Eg er drivved i drift, det finst ikkje hav.
Stormseglet rivnar i masta.
Eg grip etter lyset i råka, det svinn.
Bergingstauet er kasta.