Julenatt

Stjerner skyt over himmelnatt, 
ei helsing frå ein eg har kjær. 
Eg kjenner noko av varmen din,  minnest når du var meg nær.

Skyer slepp varleg kvite dun,
du kjem og stryk meg på kinn.
Du er for alltid i hugen min,
og eg er for evig din.

Uendeleg er himmelblå,
stjernene har ikkje tal.
Eg undrar; flyg du med englar no
og søv i ein kvit katedral.

Kom ned, kom ned, i julenatt,
ver snøkrystallen som drys.
Eg held deg då, eit kort sekund,
det kjennes som æva sitt kyss.

Det tonar mildt ein salme ned,
i natt er stjernene bjarte.
Englesong i skymingstid,
røysta di kling i mitt hjarte.

Foto: Arne-Helge Byrknes

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s