Den siste timen

Ho hadde ikkje tenkt over
den daglege turen
ned til moloa.
Ho hadde ikkje stoppa opp
og drege inn
den salte sjølufta,
eller vore fylt med takksemd
over bylgjene sin
dans der ute.
Ho hadde ikkje vinka til måsen
som gynga over henne,
eller lete seg rive med
av vinden sin leik med skyer.

Tvertom.

Ho hadde ergra seg over
regndråpane som vaska
andletet hennar,
dradd jakka tettare kring seg
og gått hastig oppatt til huset.
Ho hadde ikkje sett blåklokkene
som nikka til henne,
eller høyrt sporven
sin spinkle song.

Ho stod på trappa,
strekte handa ut mot døklinka.

Då kom han.

Finst eg

Kor lenge skal eg vere her?
Må skunde meg ut, finne liv.
Trudde det handla om dagar,
trettande året eg skriv.

Fastnar eg her, slepp eg aldri laus.
Går berre rundt i ring.
Sakn etter kjensler som var der,
no kjennest det tomt. Ingenting.

Lengtar mot noko, lat meg gå.
Klokkene tikkar i takt.
Eg lukkar meg inn i mitt fengsel,
det er eg sjølv som står vakt.

Finst det nokon som minnest meg?
Var eg nokon ein gong?
Når eg smuldrar bort, forvitrar,
fins eg i nokon sin song?

Korleis

Korleis fangar du tanken,
set kjenslene i eit bur.
Korleis slepp du fri vinden,
blesten som aldri snur.

Korleis held du fast otten,
legg redslene i eit skrin.
Korleis gjev du opp skyer,
skuggen langs vegen din.

Korleis nærer du sorga,
ber tårene i eit kar.
Korleis misser du natta,
skyming over ditt far.

Korleis gøymer du kjærleik,
held draumane fanga bak grind.
Korleis sløkkjer du stjerner,
logen som sakte svinn.

Korleis vågar du livet,
brenn elden ut i ei krå.
Korleis femnar du døden,
lysning attom det blå.

Botnklang

cropped-dsc_0207-2.jpgDu er kingelvevet,
trådane
som morgondogg
og nyklekte strålar
spinn til blenkjande
teppe over enga.

Du er botnklangen
når himmelen bøyer seg,
femnar havet.
Luft og vatn smeltar saman.
Blåtoner
syng i stilla.

Du er kråa i bringa,
mjuke streif
og kviskring om sæle
viklast kring kvarandre.
Attgløymde strimer
vert aurorabylgjer.

Du er den siste natta.
Den eg ikkje kan
gøyme meg vekk i.
Eg let att augene,
ser deg klårare
enn nokon gong.

Du er så lys.

Svartolder

Mi kjære har eit hjarte av stål,
sinn som ei novembernatt.
Ho varmar seg på iskaldt kol.
Ein svartolder er hennar skatt.

Så mørk, så mørk er mi møy.

Mi kjære er full av sjeleskår,
ho høyrer framleis hans røyst.
Han som gav henne banesår.
Ei svart svane er hennar trøyst.

Så mørk, så mørk er mi møy.

Mi kjære kjenner at tida renn,
ho bøyer viljug av.
Veit ho treffer han igjen.
Ein svart fiol ligg på hans grav.

Så mørk, så mørk er mi møy.

Mi kjære ho elska aldri meg.
Den svartkledde tek den han vil.
Ho kviskrar farvel når ho dreg.
Ikveld er vinden mild.