Stillaste natt

Den stillaste natt av djup kongeblå.
Frå stjernene regna krystall.
Eit draumekvad tredd med silketråd
for han som vart fødd i ein stall.

Ein fallande måne, ei stjerne som sprang.
Eit fløyelsmjukt pust over eng.
Bauner brann over fjell og vang,
lysveg til barnet si seng

Ei von vart fødd, ein tone så linn
frå himmelen klokker som klang.
Femna vår jord, strauk mildt mot eit kinn.
Ei mor nynna voggesang.

Ein song, ein draum, som alle ber med
når dagen mot kvelden lid.
Kjærleik, miskunn, von om fred.
Natta er bøna si tid.

Kva ynskjer du menneske,
kva er din trong?
Nokon som held meg fast.
Få kvile, liten, i eit fang.
Sjå lyset er mørket som brast.

Fred

Sjø som skin; magentakobber,
aftangull og purpurblå.
Som eg vyrder desse dagar,
livet bylgjer i meg då.

Bratte bakken når han blømer,
graset vender kvart eit strå.
Blenk av morgondoggens kjærteikn,
Altet fattast i det små.

Gylne kveldar, ljose, milde
du var varmen i mi krå.
Smak av kvitsymra som blømer,
ang av skyer, perlegrå.

Når den dagen kjem i stilla,
havet kallar meg til hamn.
Legg eg viljug vekk mi gjerning,
fylgjer tonen til din famn.

Siste trongen i mitt hjarte
før det mørknar og vert kveld;
å få sjå den kvite dua,
bakom syning lyser fjell.

Flukt

Eg er bruset i elvestryket,
sym med bårer som ber meg inn.
Uendeleg finst eg i det blåe,
eg er sandkornet som skin.

Eg jaktar skyer ilag med vinden
Er med månen på veg mot ny.
Stjernestøv som glimar sjøen.
Eg er fargen i morgongry.

Fugl i flukt mot fjerne vang.
Ørna som stig mot himmellang.

Eg er stilla som stend til kvile.
Fyk i stormen som bles frå nord.
Glir i eitt med regn og skodde.
Eg er sola som vermer jord.

Eg er reinkalv i sprang på sletter
Liten dråpe på klokkelyng.
Eg er vårmilde ljose netter.
Er i fjellebekken som syng.

Fugl i flukt mot fjerne vang.
Ørna som stig mot himmellang.

Eg er fjøra som ligg i graset
føtene dine trør mjukt på sti.
Den du bøyer deg ned og plukkar,
ber med deg i handa di.

Fugl i flukt mot fjerne vang.
Ørna som stig mot himmellang.

Terneveng

<

Eg går einsam rundt og leitar,
freistar finne mot og kraft.
Som ein druknande i havet.
Som ein villfarar i kavet.
Freistar finne meg eit draft.

Drøymer om ei enkel rute,
sorgenfri i vind og regn.
Navigere etter stjerner,
stille dans i lag med terner.
Finne trøyst i gamle segn.

I Kina trudde dei at lukka,
ho vart funnen med kompass.
At det peikte mot eit lede,
at det styrte mot ei glede.
Eg vil finne slik ein plass.

Og så vil eg merke leia,
så at du kan finne meg.
Eg skal sette fyr på vardar,
byggje bruer, byggje gardar.
Lage deg ein farbar veg.

Eg skal vente bakom høgda,
knele mjukt på nyslått eng.
Be ei bøn med folda hender.
Kvile blikk på kvite strender.
Attmed meg ein terneveng.

Alle vann er frosset

Alle vann er frosset,
det skjedde nå i natt.
Jeg våknet da det suste,
jeg våknet da de knuste.
Alle vann er frosset,
hvem har Gud nå tatt.

Alle vann er frosset,
det siver inn en dis.
Jeg finner ikke glede,
jeg finner bare lede.
Alle vann er frosset,
hvem ligger kald som is.

Alle vann er frosset,
så dirrer moder jord.
Jeg spør om hun kan sverge,
jeg spør om hun kan berge.
Alle vann er frosset,
det er min stakkars bror.

Det vi ikkje sa

Det eg aldri sa,
og det du aldri visste.
Løyndom snur kjærleik til nag.
Eg eig ei fastfrosen kiste.

Det eg aldri tok,
og det du aldri skjenkte.
Hunger er fridom sin bror.
Eg ber ei sjelesmidd lenke.

Det eg aldri vann,
og det du aldri verga.
Eg gjekk til grunne i hav,
er seglet som ingen får berga.

Det du aldri såg,
og det eg aldri fortalte.
Sorga fekk ikkje plass,
i meg slår eit bergmuslinghjarte.

Det vi aldri var,
og det vi aldri makta.
Du gjekk der nordlyset syng.
Eg går den mørkaste vakta.

Skogen

Eg gjekk inn i den mørke skogen,
eg var naken, eg var gløymd.
Budde i ei verd av kulde.
Ynskte meg ei anna røynd.

Eg vandra den mørke skogen,
der trea stod heilt tett.
Ingen lysstreif, ingen voner.
Ikkje gale, ikkje rett.

Eg ropte ut i verda,
der kor ingen høyrer til.
Ba til alle gudsdemonar,
eg som alltid hadde tvil.

Eg skaka i mi armod;
klarte ikkje berge deg.
Grana bøygde seg mot grunnen,
la ein veldig arm om meg.

Eg slo hendene i stammen,
heilt til såra opna seg.
Sevja blanda seg med blodet,
opna stengde rom i meg.

Og eg høyrde skogen gråte,
kjende streif av varsam vind.
I ei glime mellom trea,
atterskin av skuggen din.

Eg var i den mørke skogen,
kjende meg som del av den.
Men eg reiste meg og snudde,
tok den lange vegen heim.